Dei siste vekene har vi vell ikkje vore dei flinkaste bloggarane, men vi tenkte no å komme med ei lita oppsummering av dei manglande dagane. Tjohei.
Vi får begynne med det som er den viktigaste årsaken til vi e her, været.
Det har endelig begynt å stabilisere seg til det meir normale. Sola skin, men det er heldigvis litt lågare temperaturar.
Vi får ta med litt om skulen og då sida det òg er ein av dei største grunnane til at vi e her:
Vi har endelig bestemt oss for kva fire emne vi vil ta:
- CON E - 430, økonomifag for ingeniørar
- PSY - 319, industri- og organisasjons-psykologi (I-O Pych, HMR, eller applied psych.)
- CS -108, programmering - avansert java
- CS - 503,Vitenskapleg database teknologi
Dei faga som er mest å gjere i til no er økonomi-faget. Her er det lekse innlevering kvar veke og neste fredag er det eksamen nr 1. Det gleda vi oss svært so mykje til, ja. Men her får vi ekstra-poeng for å møte opp og idag fekk faktisk noken 2 ekstra-poeng for å svare på ei oppgåve. So det er litt av eitt system i detta emnet.
Psykologien er det sjølvsagt mykje teori, men her har vi ein god professor som er flink å snakke og får alle med (300 studentar) i forelesninga. Han er ein av to forfattarar som har skrive læreboka i tillegg. Veit ikkje heilt om detta er positivt eller negativt, men det finn vi nok ut av etterkvart.
Programmerings faga går igrunn ganske greitt. Her er det mykje vi har sett før, men trur nok at det blir litt meir å gjere etterkvart. Hadde den første eksamen i CS - 108 igår. Trur eg brukte 10 min på å skjønne kva eg i det heile tatt skulle gjere på prøven. Men det gjekk bra til slutt.
Erlend møtte heilt tilfeldig Sersjanten sin frå millitæret i kantina på skulen. Eg trur begge to fekk eitt ganske stort sjokk då dei såg kvarandre. So fredagen var vi hos han og tok eitt par øl og møtte noken av kompisane hans. Hyggelige folk med masse energi.
Vi har vore innom IKEA eitt par ganga, men UTEN å bruke masse penga. Kjøpte eitt skrivebord og ein kontorstol til slik at vi alle hadde eitt skrivebord kvar.
.JPG) |
| happy |
Ellers er me godt på plass i leilegheita vår. Den er på ca 65-70 kvadrat, med ei stor stove og eit lite kjøkken. Me har også ein liten veranda, og utsikt ned i hagen til naboen. Inni gården har me eit stort basseng som var godt å kjøle seg ned i når det vart for varmt. Naboane her er veldig hyggelige. Ein av dei har me blitt litt kjent med, så kjent at han valsar inn rett som det er og set seg i sofaen. Han er utdanna maskiningeniør og hypnotisør, han var i 'nam og er halvt apache. Han har mykje på hjarta, for å sei da mildt.
 |
| Røvarhistoriar frå ein anna verden |
Lørdagen dro Mariell og eg på gocart, mens Erlend hang og grilla med naboane. Gocart var morro og befant seg på parkeringsplassen på SDSU (Som er stooooor) Etter racingen slå me ihjel litt tid på eit casino (med tullepengar) men morro var det! Eg vann $500 på roulette, bytta det inn i lodd, men vann ingenting på dei.
 |
| Dobla beløpet eg begynte med! HAPPY! |
Søndagen var det football-day! Chargers - Philadelphia. Var visst ein spanande kamp sida Chargers tapte sist kamp. Chargers vann med 1 eller 2 poeng!
 |
| Han med grått hår og solbriller er Miguel, han som grillar kver Laurdag. Nomnomnom. Dei to til venstre er sønn-og-far-husvert. |
Fotballen var so spennandes at dei ikkje kunne sitta. Me skjønte ingenting, så me sat godt. Var igrunn meir spennande å følga med på dei som såg på.
På kvelden gjekk me tur med "San Diego International Club". Me fekk ein invitasjon frå ein nabo og bestemte oss for å slenga oss med. Me havna då på tur med 15-20 tilfeldige folk. Me småprata litt med alle og fortalte livshistoria vår i ekte amerikanarånd, og etter ein daff "fjelltur" gjekk vi på ein meksikansk restaurant. Her åt vi, bråkte og hadde da kjekt.
 |
| Seiers dansen for å ha kome opp og bort til utsiktsplassen. WE MADE IT! |
 |
| Gjekk ned til stranda for å gå langs stranda tilbake igjen. |
 |
| SMIL Erlend! |
 |
| Mariell og eg var ein tur på dei kjendte Sunset Cliffs ein tur. |
 |
| Oh yeah! Ulovlig å hoppe frå klippene, men alle gjorde det fordiom. |
 |
| Nesten heile gjengen samla |
Feriefølelsen var stor på søndagen, men mandagen kom, og det var tilbake til kverdagen. Økonomi, database og psykologi. Dagane går fort og vi har ein del å ta igjen i alle faga sida vi har brukt ein del tid på andre fag vi ikkje fekk lov å delta i. Men no er skulebøkene komne, og vi har fått spikra faga, så då er det berre å gi gass og ta igjen det tapte. Ting går litt treigt no i starten sidan alt er på engelsk, men det går berre bedre å bedre, så dette skal gå bra :-) No skal Mariell og eg på surfeundervising, Erlend ska på brytetrening, så tek me (nesten) helg. Berre lese litt psykologi. (og økonomi, og kanskje kikke litt på java.. og database...)