21 september, 2013

Shake og kino

Som nevnt tidlegare har dei ein kiosk utfor ARC (Aztec recreational center) der dei selle proteinshakes av mange løgne varianta. Dei selle og loff me peanøttsmør og banan. 

Shaken dei selle som eg meinte smakte best heite "Chocolate covered strawberry" (Kan kanskje nevnast at da e dan einaste eg ha smakt.)

Helene nyttar tenestene til skulen sin proteinleverandør.

Sidan da e litt langt å reisa opp til skulen kver gang eg skulle hatt meg ein shake, bestemte sunnmøringen i meg seg for at detta skulle eg klara å laga sjøl. Og då må eg sjølvsagt dela da med mine trufaste lesara. For da e jo sånt ein drive med når ein blogga. 

Crossfit-hypa proteinpulver e forøvrig valgfritt, men pulver me sjokoladesmak e å anbefala. Kan godt bruka h-melk og i staden for kokosnøttmelk. For min del må dan alternative sida prøvast hardt mens eg e her.

1-2-3-Fuck yeah. 
Kan og serverast me ei banan skiva på kanten av glase viss du ska ve heilt fruitcake. 
(Eg lika dan best uten)

Etter trening og litt kjøring kom me fram til at me skulle ha oss pizza til middag. So då veit du da.

Etter pizzaen reiste me på kino. Der traff me ein som Mariell går på skule med. Helene bestilte seg ein stor popkorn, som viste seg å ve nesten lika stor so overkroppen henna. 

Rett i blodet
Heldigvis fekk ho hjelp av Mariell og kameraten til å eta dan opp. Eg kjøpte min eigen kokporn. Hehe.

Me såg "The world's end" ( http://www.imdb.com/title/tt1213663/ ) og kinoen va veldig fin. Denna hadde kameraten til Mariell valgt ut. 

Berre drit at dan va nesten ein halvtime på motorvegen unna - men me kom fram til at turen va verdt da. 

Han fortalte og at da va ein drive-in kino i nærheiten av dar me bur, so då veit eg om ei jenta på Galden so blir glad og ha lyst å reisa dit når ho kjeme på besøk!


Sjå der ja Arnold, din luring. Visste da va noke me deg.
Men no e da natta. - Skal opp tidleg i måro å sjå på opptaket til kamp-partiet til The Arena. Da kan bli spennande.