19 desember, 2013

Heimatte veiteg!

Då va me kommen på føyplassen i San Diego. Kufertane e innsjekka, på hengande håret. No e da berre å få slå ihjel timane med rapportskriving so e me vel plutsleg heima!? Snakkaaaaast!!

Helene laga ein film me brukte på framføringa av prosjektet vårt, den ser du her:

17 desember, 2013

Pakketid

Sjølv om vi er ferdige på skulen er det ikkje noke tid for verken kvile eller feiring, her er det rett på pakkinga. Det er rart korleis det samlar seg opp med både papir, kle og alt mulig av ting & tang. Utfordringa er litt større enn kva vi har plass til i koffertane våre so erlend og eg stakk ned på mission valley for å kjøpe oss fleire koffertar. Trur nok det vart suksess! 
Erlend veit ikkje heilt kor han skal gjere av alt, men trur han har knekt koden no. 

Erlend har ein litt meir strukturert pakking enn kva eg kan skryte på meg.. Men heim skal det uansett. 

12 desember, 2013

Første eksamen



I dag hadde me vår første eksamen i faget Intermediate computer programming. (sett vekk frå "heimeeksamen" me fekk i database i går, som skal leverast på mandag, rett før IO psych eksamen....)

Javaprogrammering er i seg sjølv er ikkje så vanskelig, men det er mykje å huske på, spesielt når du må "programmere" med penn og papir uten ein pc so sjekka syntax for deg. Har blitt noken tima med pugging og nepekløing.

Me var sikre på at denne skulle begynne klokka 1730, slik som forelesningane gjer, men da viste seg at dette ikkje var tilfellet.... Heldigvis va da ein i klassen som va oppmerksom nok til å sjå at da mangla to stk nordmenn. Han va omtenksom nok til å senda ein tekstmelding.



Som ein sikkert kan tenka seg vart kortisolnivået plutseleg j-vlig høgt..

Sjølvsagt spelte ikkje trafikken på lag heller. På vegen til skulen tenkte eg på korleis eg skulle få løyst det dersom me no ikkje fekk ta eksamen.. Bilen hadde punktert på vegen, brann i leilegheiten, knekt fot.. Dessutan, på mandag var det jo ein til eksamen med "b" klassen i samme faget, kanskje me kunne ta den med dei.. H--vete, h-å-p-a eg sleppe å ta detta opp atte til våren.... Eg brasa inn i klasserommet og alle såg på meg med eit "no var du heldig blikk"  Eg  prøvde med hjertet i halsen å forklare læraren at me var seine fordi me "bomma" på tidspunktet.. Me var "berre" ein time for seine, og ein feit bunke med eksamena på pulten indikerte at vertfall halve klassen allerede hadde levert... Faaaack...

"No problem!" seier han, "it should take you less than an hour, don't worry!"

Puh.. Noken djupe magedrag for å prøve å roe ned nervene, og so va da berre å skriva so da spruta. Heldigvis var mange av spørsmåla i starten kjent stoff.

Me vart likevel dei siste som sat igjen i klasserommet, og læraren va grei nok til å kikka over resultati våre sia me va fra norge å sånn.. Fekk beskjed om at detta gjekk strålandes. Dessutan, so va jo me der i kver einaste time, (me sitte fremst) så me skulle og få masse ekstrapoeng, og minst ein B! Tipp topp tommel opp..!

Etter me hadde levert rant da inn ein gjeng med andre studenta som òg trudde at eksamen skulle starta 1730. Dei fekk beskjed om å senda ein epost til læraren, so skulle han prøva å ta kontakt med eit eller anna departamang om ein make up exam ut på nyåret. Synd trist leit, datta kunne han ikkje hjelpa me.

Trur me var VELDIG heldige i dag!
På vegen heim hadde eg dan samme følelsen i kroppen som etter ei alvorlig nesten-ulykka. Hard start på eksamensperioden, men Helene og eg vart vertfall enig om at me ska sjekka tidspunktet på eksamen i økonomi og psykologi ein ekstra gang...

Etterpå stakk eg og Marco (han som redda oss fra fiasko) på Cheesecake factory og åt ein bedre middag og prata om livet, utdanning, programmering og norge. Ha aldri treft ein 'utlenning' som ha vå so interessert i norge som han, so da e litt artig.

I måro kjem eksamen nr 3 i økonomi. Dan begynne klokka 0800 i klasserom PS-130...!

Snakkaaaast.



09 desember, 2013

Prosjekt utveksling

Ting går unna her no.
Det er berre 11 dagar til me drar tilbake til Noreg, og berre få dagar til eksamenane, som forøvrig er på onsdag (database), torsdag(java),  fredag(økonomi) og mandag(psykologi). Hurra. Skal nevnast at eksamen her er noko mindre omfattande enn heime, men det er nok å ta tak i likevel.
Me har også ein rapport som skal skrivast frå semesteret i faget me tek via Fronter; prosjektstyring med prosjekt. Me har valt å kalla prosjektet for prosjekt utveksling. Føremålet med rapporten er erfaringsutveksling til framtidige studentar med interesse for utveksling i Usa. So då veit du da.
Walther (vietnamveteranen) var innom med litt kake til oss so då fekk me ny giv i rapportskrivingen, i 10minutt vertfall.
Høyrer det snør å regnar om ein annan der borte. So det gledar eg meg å komme heim til.

Ellers kan eg opplyse om at eg har kjøpt meg nye sko.

01 desember, 2013

Happy Thanksgiving

Då var det endelig tida inne for å feire Thanksgiving for første gang i våre liv. Det einaste vi var klar over var at det kom til å bli servert kalkun. Resten av opplegget hadde vi ikkje mykje peiling på so då var det berre å prøve å fiske opp litt informasjon før kvelden. Eg stakk derfor bort til Linda og Barry og spurte dei kva som var vanlig å gjere på denne dagen. Men klokka var visst blitt mange og dei var i full sving med tilberedelsane til kvelden. Sjenert som eg er vart eg berre ståande med midt på plassen mens alle sprang mellom husa om ein anna (minner litt om tilstanden heime på julafta). Eg innsåg då at detta kanskje var feil tidspunkt å prøve å fiske ut litt info av dessa amerikanarane so eg tok like so godt bilder for å dokumentere det dei gjorde til alle dåke der heime. 

Linda og Barry har ein tradisjon med å fritere heile kalkunen i vel ein time. Linda veit eksakt kva som skal gjerast, medan mannen hennas, Barry, prøver å hjelpe ho so godt han kan. Men det vart sjelden gjort på den "rette måten" - so ho endte med å gjere nesten alt sjølv.



Stor diskusjon om korleis problemet kan løysast på best mogleg måte.
Eg har ikkje peiling på kva som er oppi den kvite isopor boksen, men der har sikkert
 kalkunen lagt i over natta i kjøleskapet. 
Avmerking i panna var visst svært viktig for kveldens fritering.

Eg vart svolten av å høyre på all matpraten, so eg stakk bort til ein  som tek den same java - klassen Erlend og eg gjer, Jonathan. Her var det mamma'n hans som skulle lage Thanksgiving mat - og jaggu holdt han ord. Var ikkje noke å sei på utvalget av tilbehør til denna kalkunen.

Mamma'n til Jonathan er klar til å skjære opp kalkunen. Heilt greitt matbord der alt er heimeleaga.






Etter å ha ete i to timar var det av gårde til neste kalàs. Dette var dèt som møtte oss - ferdig fritert kalkun.


Barry fekk æren av å løfte kalkunen ut av panna, men Linda sørger for at alt går rett for seg.
Tadaaaaaa. Viktig å ta bilde av kalkunen før vi går laus på maten. 
      
Heile gjengen, pluss litt fleire, samla rundt bordet.
            



Etter veldig masse god mat og drikke subba vi oss heimatte.. 

27 november, 2013

Julekalender

Fekk eit brev i dag. Når eg opna det lo eg godt, for der datt da ut ein flaxjulekalender fra tanta mi- slik som alle andre år hittil. Ha visst ikkje noke å sei kor eg e i verden, kalendaren kjem uansett :-)

I måro e da thanksgiving her, me e invitert ned til naboane til da som eg forsto var eit svært etegilde. Passa meg bra.

Ellers begynna da å nærma seg innspurten her, neste veka skal eg og Helene, i lag me dei tyske vennene våre presantera prosjektet me har hatt i database. Etter det kjem eksamenane på løpandes band.

Eg har nett vore på trening, so no ser eg fram til mitt eige etegild.

Have a nice day from San Diego

21 november, 2013

A walk In tha' hood

Etter ein regnfull og grå formidddag, begynte det endelig å lette litt. Mariell og eg var leie av å sitte inne so tok oss like greitt ein liten power-walk In tha hood for å sjekk ut livet - sett gjennom "fish-eye" linse.


Inngangspartiet til leilighetskomplekset. 

Postkassa vår. Ingen brev frå Norge i dag heller. Trist.



Etter regnet kjem alltid sola. 


And off we went! 






Cafè 21, ein av dei få restaurantane vi har vore på fleire enn ein gang. Organisk og utsøkt god mat både til frukost (pannekaker med jordbær og banan i pluss lønnesirup) og middag (biff med potetstappe med litt wasabi). 

Her er eitt av  MANGE bilverksted i gata

Eitt verksted til.. 


Busstopp! Hey! Kven har gått på bussen uten sko? Skoa holde seg iallefall tørre når det regna om ikkje anna.

Sida det ikkje var noken av oss sine sko, rusla vi vidare oppover gata. 

Adams Avenue - Antique row. Hovudgata  i området vi bur i. 

Smoke-shop. Ógså eitt av mange. Ville du inn her sa du, Mariell? 

Vi må jo alle ha straum sjølv om det er mykje sol og varme. Norge er vell litt flinkare til å skjule straumledningane enn det dei er her i Amerika. 

Ei gate som er ei antique gate må vell óg ha eitt krematorium ironisk nok. 

Endå ein bilverkstad.

Say whaaat? 

To hus tett i tett? Nope, this is just America! 


Noken prøver å kamuflere huset sitt so godt som mulig. Slepp no iallefall at naboen klager på husmalinga som skulle vore gjort for 10 år sida. 


Back to our street, Hamilton Street. 


Mariell syntes detta var ein svær palme. 

Gata vår! I det kvite huset bur dei vi leiger hos. Huset som er mellom leilighetskomplekset og huset deira som eig dei og leiger ut óg. 

Flott farge på huset då. Ja, det er rosa med lyseblå lister.

Solnedgangen er allerede begynt. 

Inngangen vår. 

Då var det slutt på friheten, java forelesning neste. Alltid like spanande. Erlend er svært engasjert. 

På veg heim igjen etter undervisning.  Tid for middag! 

13 november, 2013

Ein dag på stranda.

Som alle andre onsdaga begynte vi dagen kl 07.00 med ein kopp kaffi/te. So var det avgårde til første forelesning i økonomi. Timen var som mange av dei andre, uforståelig, men med ein liten twist, litt gruppearbeid. Tjohei! 
På veg heim igjen kom sola fram og det vart varmt og flott so då bestemte vi oss for å kjøpe frukost på pacific Beach på ein av dei beste burger/burrito sjappene i byn. Og når vi allerede er nede med stranda, koffor ikkje ta "ettermiddagskvilen" i same slengen? 
Vi heiv på oss bikinien, pakka sekken - kono's og stranda neste! 
Lang kø utafor Kono's! Men jaggu var det verdt da.

Mariell hadde egentlig plana om å kræsje ein surfetime i dag, men etter at maten var inntatt ombestemte Mariell seg ganske fort og ville heller ligge på stranda og chille med oss andre. 
Surfetimen Mariell skulle vore med på. 

Ikkje noke å klage på utsikten heller. 

Chill,chill, chill - like, like, like! 

Tida går fort når ein har det gøy, fekk knipsa noken bilder før vi måtte på skulen igjen til forelesninga i database.