På veg heim igjen kom sola fram og det vart varmt og flott so då bestemte vi oss for å kjøpe frukost på pacific Beach på ein av dei beste burger/burrito sjappene i byn. Og når vi allerede er nede med stranda, koffor ikkje ta "ettermiddagskvilen" i same slengen?
Vi heiv på oss bikinien, pakka sekken - kono's og stranda neste!
Mariell hadde egentlig plana om å kræsje ein surfetime i dag, men etter at maten var inntatt ombestemte Mariell seg ganske fort og ville heller ligge på stranda og chille med oss andre.
Surfetimen Mariell skulle vore med på.
Tida går fort når ein har det gøy, fekk knipsa noken bilder før vi måtte på skulen igjen til forelesninga i database.




