31 august, 2013

Bursdag = SeaWorld






I dag fyller Mariell år (HIPP HIPP HURRAAAA) og hennas store ønske var å få oppleve den populære turistattraksjonen - SeaWorld! :)
Endelig får vi oppleve litt meir enn kun bølgjer, sol og sand. Vi pakka koffertane våre og forlot hotellet for i dag var det OG (endelig!!!) dagen for innflytning i leiligheta vi ska bu i  resten av semesteret! :-D 

Ute skin sola, slik den pleier å gjere, men  varmen.....den er det endå altfor mykje av...hrmf... Men avgårde-kåre til SeaWorld!!

Klar for SeaWorld! HeyHoLetsGo!

Frå vegen såg ikkje Sea-World noke særlig stort ut. So vi tenkte at vi sikkert ikkje kom til å bruke HEILE dagen på detta.. He he... Då vi kom til parkeringa skjønte vi fort at detta va MYKJE større enn d vi først hadde forestilt oss! Rett før billettlukene kom det ein mann bort til oss som lurte på om vi ville kjøpe eine billetten han hadde kjøpt for 3 mnd sida han ikkje kom til å få bruk for den. So vi tenkte, koffor ikkje? Mariell kjøpte denna til halve prisen og gjekk inn, mens Erlend og eg stilte oss i billettkø. Vel inne alle tre begynte vi å tusle litt rundt om og bestemte oss for å ta turen opp eitt tårn for å sjå oss litt rundt. Her satt vi oss inn i ein sylinderforma boks der det var plass til 20 persona i eller noke og begynte turen oppover. Boksen gjekk rundt og rundt so ein fekk sjå alt rundt seg. Flott tur.
Svært fornøgd bursdagsbarn!
Eller...? Hihi..


Den største berg-og-dalbana... Ja, vi tok den alle tre etter eitt stort ønske av Mariell... FUN FUN FUN!


Delfin - showet vart holdt her.
I desse to bassenga fekk vi muligheten til å ta på delfinar og skater. Awesome!

Dei var akkurat ikkje so veldig sjenerte dessa fiskane.
Hai var det her òg... Visstnok... Lure på korleis det er å klappe DEN.. Hmmm.. Nei, vi prøvde nok ikkje da heller.
Kom bort og ville helse på ;) 


Etterpå gjekk vi bort til taubana som gjekk over sjøen og tilbake. Tenkte detta óg var ein gyllen mulighet til å sjå meir av Sea-World. Stod i kø i 45 i ein steikandes varme. Og når til og med inderane søker skygge so seier det sitt. 



Kartet over Sea-World var gull verdt på mange måta. Eg tok mitt over hove for å få litt skygge for sola og Erlend lo godt av meg, men den som ler sist, ler best! Haha.. Han fann óg ut at det ikkje var so dumt nei... Flott d.. ;) 
Turen med taubana var ikkje heilt det store vi hadde tenkt oss. Det var ingenting spesielt å sjå på, berre deilig med litt vind under armane igjen :p 

Turen over var so spanande at vi heller brukt anledingen til  sjekke mobilane
Men Erlend kjeda seg og ville vere med på bilde


Tusla litt rundt om og fekk auge på dessa flotte fuglane. Vi kunne kjøpe mat frå ein liten automat og gi til dei, detta syns Erlend var ein god idé og fylte handa med mat. Men det han ikkje hadde fått med seg var at "matmora" kom akkurat då han skulle mate dei. Då var det kun ein ting som gjaldt for dei, mat, masse mat! Meir mat enn det Erlend hadde iallefall. So då spaserte alle fuglane etter matmora og Erlend stod igjen med ei hånd full av mat for 50cent. 

Erlend trur han e "the King of....tja... Fiskane?"
Her var det og eitt anna basseng med hai  i, der vi gjekk gjennom ein tunnell som låg i bassenget. Skikkelig kult. 
Oh my God! It's a SHARK!! 


Etterpå møtte vi på selane som var her. Eg trur detta er noken svært egoistiske dyr. 

Denna karen  grafsa til seg all fisken som vart servert av publikum og når han ikkje fekk meir stod han oppreist opp etter vindua og klagde si nød. 

Bilde seier vell meir enn 1000 ord..




So var det tid for SPEKKHOGGER-SHOW
Klare for spekkhogger-show


 
Spekkhoggarar er noken svære dyr.

Dei som satt på "soak-zone" vart heilt klissvåte. Ikkje dumt det i denna varmen, men trur nok det var mange som angra på detta i etterid. Var vell eitt par mobila og fotoapparat som vart øydelagde der ja.


Noken tima etter var det klart for kvelds-show og eitt spektakulært fyrverkeri!

TADAAAA!!


Og lykkelige vendte vi heimover... Til den nye leiligheta! :-D

30 august, 2013

FREDAAAAAG

Endelig fekk vi ei natt uten trafikkstøy! Heilt ubeskrivelig godt! Men det var uansett ikkje noko bønn på tida vi måtte stod opp. Erlend og eg måtte på skulen til første time kl 08:00, CON E - 430. Læraren er ein inder med tørr humor og dreg noken sære spøka som ingen ler av utenom han sjølv.. So klart..
Erlend i djup konsentrasjon i CON E - 430 

Sida klasserommet er som ein stor gymsal med høgt oppunde taket og ingen støydemping er det ikkje so lett å skjønne kva læraren seier. So då satt vi der i 50 min. Og lærte null og niks.. 

Men neste fag var mykje bedre, ECON-101. Her har vi ein lærar som sjølv er student på skulen og er like gammal som meg ;) whee.. Då blir alt mykje lettare, men resten av klassen er 17 åringa so då er det ein viss person som føle seg litt for gammal (men som ikkje får kjøpe øl på butikken uten pass *knis*). Læraren får med seg heile klassen og ein føler ein faktisk får noko ut av å sitte der. So detta faget HÅPER vi på å få plass på (sida vi er ALI studentar må vi kræsje kvart fag vi vil ta der det er opp til kvar enkelt professor om korleis han/ho vil avgjere kven som kjem med og ikkje. Dei vanlige Studentane som melder seg på dei faga ein vil ha til det er full klasse, men kan droppe ut fram til den 9.sept. So då må vi sitte på pinebenken til den 9.sept før vi veit noko meir, men det er ingen problem å møte opp til kvar time). 
Etter ECON-101 bestemte Erlend og eg oss for å stikke bort på ARC for å pumpe litt jern.
Erlend i aksjon - Han er IKKJE solbrent! Pump it! 



Her er det klar beskjed! Dessa står rundt overalt! I dag var det faktisk ei vakt som kom bort til og sa at det ikkje var lov å vere uten sko i vektrommet... Ikkje når ein berre stod på ein post ein gang!  Eg skulle jo berre ta noken sett med knebøy! 
No blir det IALLEFALL innkjøp av kvite Adidas sko med hel! 

Erlend måtte vise kor store muskla han har fått i dag... Hmmm.. Jaudååå.. 
Etter trening må vi jo ha litt protein! Sida detta er America er der vell ei selfølge at det er ei protein sjappe rett utafor treningsstudioet. ;) Gooood man!

Tok ein liten spasertur på stranda. Strand politiet er på plass som alltid.. Fekk til og med eitt bilde av dei i aksjon óg gitt! Noken ungdomma som får bot.. :p sikkert pga medbrakt alkohol ;) men detta var berre ein av få bøter idag såg vi i ettertid. Flott start på helga detta, kara! :p 

Idag, som alle andre daga var det heilt sinnsjukt varmt ute so først stakk vi bort på Konos' for å kjøpe San Diego's beste burger (Erlend har so klart funne noke anna å ete, burrito med eggerøre, men OG bestilt på Konos'). So var det tid for stranda igjen! Sanden var so varm at ein ikkje kunne gå uten sko og sola steikte! Altfor varmt for oss frå nord, men når amerikanarane klaga óg so er det vell kanskje noke i da.. HAHA! 
Speedo neste, Erlend?

No skal vi ta noke mat og innta litt øl og deretter sjekke ut livet på uteplassane! Omsider... Schål! God helg! 




29 august, 2013

Moving-day (4 av 5)

Då va det jaggu tid for flyttedag igjen.. Forhåpentligvis vert detta nest siste gang vi må pakke ned all bagasje og krysse fingrane på at det blir plass til alt i bilen. Og jaggu vart det det :) lykkelige og litt stressa kjørte vi frå leiligheta 07.30 i håp om å klare og rekke første forelesning av faget CS-310 (Computer Science, data structures) som begynte klokka 08.00.
Heseblesande kom vi inn døra 5 min etter timestart, men det var heldigvis ikkje noko problem (då ser vi vekk i frå alle dei andre 170 elevane som var komt på plass). 
Mr. Riggins har tavleundervisning i CS-310.

Etter timen var ferdig måtte Mariell springe til neste time, mens Erlend og eg vurderte om vi skulle stikke på ein økonomi time. Dette vart nedstemt sida den var på andre enden av campus og sida vi håper på å få plass hos ein anna lærar. So då satt vi oss heller på biblioteket for å få ei oversikt over sist undervisningstime med Riggins. 
Då klokka nærma seg halv to pakka vi sammen for å få plass på neste fag vi ville teste ut -> COMPE-560 (datanettverk), her satt vi oss ned og såg rundt oss og merka at det nesten kun var inderar der.
Passa jo bra inn i denna klassen.. 

Til slutt kom lærerinna og vi spurte om det var plass til oss, men den gang ei.. Vi vart kasta på dør med ein gang. Flott va daaa... 
Då hadde vi to nye tima til neste fag begynte. Denna gangen var det PSY -101 vi skulle teste (psykologi fag). Her var det det same greiene som på alle andre fag, vi måtte fram til professoren og sei at vi var ALI studentar og at vi ville ta faget. Her var professoren veldig grei, han valgte å prioritere ALI studentane i stedet for SDSU studentane. Men sida vi var so mange og det kun var 7 av 180 plassar ledige måtte vi skrive oss opp på ei liste der han skulle trekke kven som vart dei heldige innen søndag. Sjølv om vi satt i 2,5 tima i strekk og hørte på han er dette eitt fag vi har lyst å ta sjølv om det er litt på sida av det vi treng, men steike for ein dyktig professor. 
Etter forelesninga var over kjørte vi rett bort til Best Western Hotel og jaggu fekk vi eitt rom vi alle var fornøgde med :-D Heilt utrulig mann!! 


28 august, 2013

Skulelivet

På mandag begynte me på skulen. Da e ganske hardt å vera student i USA skal eg fortella dikka. Vertfall når planane for fagi du hadde tenkt å ta går i dass.

Lyst å bli flinkare i engelsk? kanskje da..

Me fekk vertfall lagt oss ein plan og begynte å kresja timer. Her funka da sånn at ALI studentar (oss) ikkje får plass i timane, dei må ta da som e ledig, få ein signatur frå professoren i da aktuelle faget, og levera dan signaturen inn før han ombestemme seg. Da e 100% opp til professoren om du får signatur eller ikkje. Viss han ikkje likte at du hadde to ulike sokka på deg, so kan han nekta deg å ta faget hans, og du har ingenting du skulle ha sagt. Artige greie. Heldigvis viste da seg at dei aller fleste (MEN IKKJE ALLE) professorane likte å ha internasjonale studentar, og ville gjerne gi oss plass. Me var vel innom 5 økonomi klasser før me endelig fant ein som sa han kanskje ville ha oss der. Han måtte sjå da an om eit par veke når han visste kor mange av dei ordinære studentane som hadde droppa klassen. Men me skulle få lov å fortsetta å gå der då.

wtf is a bafog..

Me var også på utkikk etter eit fag eller to (kursa her e 7,5 stp) til å erstatta industriell IKT. Me fant "Scientific databases" med ein R.Edwards. På ratemyprofessor hadde han fått rimelig laber tilbakemelding, han va visst frekk og gjorde narr av studentane. Når me traff han skjønte me fort kvifor. Han var ein brite med humor! Jævla fisefine amerikanara veit du. Edwards virka so ein grepa kar, og faget er 100% relevant, so da va kanon.

Me fant også eit kurs som var basert på økonomi for ingeniørar. Midt i blinken. Dette verka veldig relevant, og me fekk signatur av læraren veldig kjapt. Uheldigvis kunne han nesten ikkje engelsk, men forelesningane går ut på at han har læreboka på ein overhead og (prøver) å lese det som står i boka, so det burde gå greit. Nokre medelevar påpeikte at han var "super easy" so da va no bra vertfall. Surt at me må på skulen til klokka 8 men. YOLO!


Sidan me mangla litt på bedriftslære bestemte me oss for å ta psykologi 101 (da e ein del av bedriftslæren) me endte opp me å havna i klassen til ein kar med ADHD som prata i eit banka kjør i 2,5 tima. Da va hardt, men interessant og me fekk lov å legga til faget. Awesome.

eg lo
Me mangla då berre litt på industriell IKT so e alt i boks. Me fekk prøva oss på datastruktura, men sidan me mangla ein del forkunnskapar her (java) so meinte læraren det var mulig da vart for mykje arbeid for oss. Me skal likavel følge faget fram til den 16. eller til me finn noko betre alternativ.

I alle 4 faga me tek er det 3 eller 4 eksamenar  løpet av semesteret. Det er også lekseprøver. Og oppmøteplikt. I tillegg til dette skal eg og helene ta prosjektstyring med prosjekt via Fronter. 

Blir ein travel høst detta.



Litt for lenge mellom forelesningstimane

Akk!! Sola skin, ute er det altfor varmt, siste (omsider) undervisningstime om 10 min (venta sida kl 09.15, lokal tid, i ca sju tima! (SHIT!))
Vi begynner å bli litt leie etter å ha blitt kasta ut frå ein undervisningstime (full klasse), So Kryssa vi fingra og tær på at det er plass t oss i detta faget..
Ein stk lei Erlend med varm kaffi.. 

24 august, 2013

Oceanside beach beatdown!

Lørdag.. Chillan på strandi heile formiddagen. 
Fekk eit kult bilde av solnedgangen


Etterpå tenke eg meg på at eg ville avgårde til Oceanside Beach for å sjå på MMA. Eg spurte om sambuarane mine ville bli med, men dei va litt skeptiske. Helene sa ho va redd for at ho skulle bli uvel av å sjå to kara slå kverandre til blods i eit bur. (Forsovidt forståelig.)
Eg forklarte so godt eg kunne at detta va ein sport på nivå med alle andre sporta, utøverane hadde forberedt seg på detta fysisk og psykisk i vekesvis, og når kampen e ferdig e dei bestevenna. 
Ho bestemte seg for å bli med. "Må jo vera open for nye ting og."

Når me kom fram var det musikk, øl, folk som jubla, gosteming! Akkurat som i Danmark.

Kjempekult!

Me kom soklart alt for seint, so me fekk berre med oss to kampa. Dan første da kjedle, lite action, men dan andre va veldig bra. Mykje fram og tilbake, høgt tempo og begge ga full gass. Morro å sjå fightera fra alle dei lokale gymmane, e visst litt rivalisering her og so då bli da ekstra morro.

Bring it on

Etterpå stakk me heim igjen til Mission Beach og tok kveld.

23 august, 2013

Åpningsseremoni - Aztec Night

Etter mykje research av fagvalg dei siste dagane, fann vi ut at vi like godt kunne stikke bort på skulen for å snakke med professorane og kanskje bli litt klokare på det. Men den einaste professoren vi fekk tak i var Riggins. Han underviser i CS-310. Ein hyggelig kar som var behjelpeleg med svar på våre spørsmål. Han er ein litt anna versjon av den beste fysikk/mattelærar vi har heime. Fekk litt inputs om kva fag vi kunne ta og kva vi absolutt ikkje burde ta. Dette kom òg an på korleis professoren var. Ikkje alle som var like greie å ha med å gjere. Når det gjaldt faget han underviste i, meinte han vi hadde litt for lite programmeringskunnskapa til å klare. Men vi fekk ein "add-Code" av han om vi ville prøve faget før vi måtte bestemme oss (deadline for valg av fag er den 16.sept).

Vi sulla litt til rundt om på skulen for å bli litt bedre kjendt med området, men etterkvart stakk vi tilbake igjen til strandhuset vi leigde. Eg stakk og klipte meg for $40 (uten tips) og var ganske fornøgd med det.

På kvelden skulle det vere åpningsseremoni på skulen. Hadde lest litt om det på nettet og det var visst noke alle reiste på, då kunne vell ikkje vi vere noke dårligare so vi stakk bort t skulen for å sjekke det ut.





Vi kom litt seint og det var masse folk som allerede var i ekstase og i god stemning. Først var det ei dame som stod på scena, so var det heile fotball-laget oppå scena med ein kampsang som ikkje var heilt samstemt. men kva kan ein forvente av ein gjeng fotball-spelara? Håper for deira del at dei er bedre til å spele fotball enn å synge...
Etterpå gjekk alle under ein port der vi vart møtt av foreldre og besteforeldre (trur eg) som kasta noke kvitt greier over oss og alle var HAPPY HAPPY HAPPY (akkurat sånn ein ser på film). Det kvite greiene var noken vaskekluta med slagordet til Aztec football-team.. Kult d...
Sjukt med folk

Etter detta gjekk turen vidare opp på ei grasbane der det var ein fyr som stod og fortalte kva vi skulle gjere. Var visst noke "bli kjendt med den som står ved sida av deg" - greier.. Vi nordmenn er vell ikkje heilt so vennlige som amerikanarene er so vi prøvde litt, men gjekk leie og såg at alle andre gjekk (sikkert dei over 21) gjekk oppover til "greek-system" husa for å feste so då stakk vi heim igjen.



Maskot eller noke?
"Blikjendtmeddendustårvedsidaav-party"