Me reiste til sentrum me eit mål for auga: skaffa ein bil.
Da gjekk sjølvsagt ikkje so radigt. Etter mange tima på craigslist, apartments og google osv hadde me fått ein ca oversikt over korleis ting låg an. Så når me såg at trolleyen stoppa rett ved eit område me tenkte me kunne leige bolig, gjekk me sjølvsagt av der.
Her var det veldig fint. Til kontrast når me nesten havna i Mexico og slummen såg ut til å ve rett utfor vinduet, havna me no i riking-land.
| Mariell og Helene i Riking-land |
Etter 15 minutt i lobbyen og eit latterlig krav om at me måtte ha rundt 700 000 kr på bok for å få lov til å leige ein leilegheit som forøvrig ikkje kosta meir enn 12 000 kr i mnd traska me litt lenger opp i gata med lovnad om at det var fleire som var villige til å leige ut "short term" utan å sjå at me nesten var millionærar.
Me fant sjølvsagt ikkje noko bedre, men det var veldig fint det me fekk sjå, inkludert visinga me fekk i ein utstillingsleilegheit der me kunne få sjå kva me "kunne hatt" dersom me oppfyllte krava til utleigarane. Me fekk avslutningsmessig beskjed om at dette også var det dyraste området i San Diego. No shit.
Etter turen vår bestemte me oss for å reise ned til downtown(=sentrum) for å fortsette biljakten. Men først måtte me ha oss litt mat. Eg foreslo sushi.
![]() |
| Erlend fornøgd. |
Under maten ringte telefonen min frå to utleigarar, desse kunne tilby oss leilegheit, me måtte berre komma å sjå dei. Konge. Endelig skjer da noke. Me heiv i oss maten, satte oss på trolleyen mot downtown.
Eg gjekk for å leite etter hertz som google hadde funne til meg, Mariell og Helene reiste på shopping. Oppdaga fort at google var full i fanteri, og reiste til Hilton for å spørre kor eg kunne leige bil. Dei ringte eit selskap som kom å henta oss på hotellet og tok oss til kontoret deira.
Etter litt forhandling om forsikringa (som forøvrig kosta oss meir enn dobbelt so mykje som bilen) so hadde me endeleg bil!
![]() |
| litt av eit glis |
Me fant fram og møtte opp.
Me var hamna midt i ei jødisk synagoge. Eg fekk litt humoristisk-sarkastisk pes av noken kara som sto på parkeringsplassen inne på området. Eg gjekk med singlet med ei naken dama på, tatoveringen min hjalp vel heller ikkje på førsteinntrykket. Ikkje stråhatten heller. "Been to the beach huh?" Joda. Ha vel da.
Me fekk ein rundtur i leilegheita, som forøvrig var bebudd av rundt 10 stk. (Dette var ein 2-soveroms leileheit.....) og vart litt skeptiske.. 10 bebuara i ein kåk på 60 kvadrat? Da må ve ein regel mot sånt..
Det var mykje rot der, men ho ba oss fint å ignorera rotet, dei skulle sjølvsagt rydde og vaske her før me flytta inn.
Ho virka veldig opptatt av at dei ville ha inn seriøse studentar, og måtte få sjå karakterane våre (eller transcript som det heiter her) og alt muleg. Dei kunne ikkje ha inn noken "partysvenskar" her. Likevel under all bablingen om at dei berre måtte ha seriøse studentar og det berre budde asiatar i området der (som forøvrig er kjent for å være flinke studentar, etter stereotype-ryktet å dømma vertfall) slo det meg at ho verka veldig uninteressert i oss. Ingen spørsmål om oss, kva me studerte, kor me va i frå, hobbyar, eller noko som helst..
Avsluttingsmessing under synfaringa sa ho at me måtte søka for å bli vurderte, og då legga ved karaktera, referanser, og ikkje minst pengar til "application fee" hmmmm.. Søknadsgebyr er normalt å ha i nærleiken av skuleområdet ifg instruksen til SDSU til nye studentar, men honoraret her var det dobbelte av det som vart sagt skulle være normen.
Magefølelsen var ikkje god.
Me fekk levert alt da nødvendige av papirarbeid, referansar frå arbeid, tidlegare utleigarar, og fekk til å med ein referanse frå Joar (læraren vår i Førde) om at me var kremen av kremen i Førde. Me bestemte oss for å vente med å betale "application fee" fram til me hadde sett kåken til ho som skulle på fest. Eit par dager seinare vart søknaden avslått fordi dei fant nokon som passa betre. Ho hadde vel glømt at me ikkje betalte.
Check mate.


