Sia me bytta hotell i går (til eit dårlegare) utan kjøkken måtte me testa ut fasilitetane til hotellet. Dei hadde ikkje frukost, men kunne tilby oss å gå bort på dineren. Når me kom dit såg da ut som på film (sånn so alt anna her igrunn) so me sat oss ved eit bord, og fekk ein kopp kaffi og ein meny. Dei hadde egg og bacon, egg og kylling, egg og hash browns (raspa pote me ost) egg og toast, og ikkje minst egg og biff. Eg sat lenge å såg på egg og biff, men endte opp med egg og kylling. og to hashbrowns i staden for loff. Når maten kom viste da seg at kylling va ein ihelfrittert dings som smakte kreft. Kylling ska vel heller ikkje ve svartgrå inni? Wtf...
Servitøren la vel merke til at me alle satt å pirka meir i maten enn me åt dan, og spurte oss kor me va fra. Me sa me va fra Norge, so me vakje vandt me slik mat. Da skjønte ho godt! "Don't eat food like this, you'll get fat in no time!" seie ho. Ho va fra Spania og hadde flytta hit for ikkje so lenge sia. Ho la visst på seg ein del, men no åt ho berre på økologiske resturanga og hadde blitt tynn atte. Ho sprang ut for å laga ei lista over resturanga me kunne eta bra mat på.
Jepp - Servitøren reiste ut på kjøkkenet for å skriva ei lista over andre resturanga me heller burde gå på.
Hehe. Grass fed ftw.
Etter me var ferdige me dritmaten og kom oss der i fra reiste me til Mission Beach og slo ihjel resten av dagen i sol og bølgesus. Flott mann.
