23 august, 2013

Åpningsseremoni - Aztec Night

Etter mykje research av fagvalg dei siste dagane, fann vi ut at vi like godt kunne stikke bort på skulen for å snakke med professorane og kanskje bli litt klokare på det. Men den einaste professoren vi fekk tak i var Riggins. Han underviser i CS-310. Ein hyggelig kar som var behjelpeleg med svar på våre spørsmål. Han er ein litt anna versjon av den beste fysikk/mattelærar vi har heime. Fekk litt inputs om kva fag vi kunne ta og kva vi absolutt ikkje burde ta. Dette kom òg an på korleis professoren var. Ikkje alle som var like greie å ha med å gjere. Når det gjaldt faget han underviste i, meinte han vi hadde litt for lite programmeringskunnskapa til å klare. Men vi fekk ein "add-Code" av han om vi ville prøve faget før vi måtte bestemme oss (deadline for valg av fag er den 16.sept).

Vi sulla litt til rundt om på skulen for å bli litt bedre kjendt med området, men etterkvart stakk vi tilbake igjen til strandhuset vi leigde. Eg stakk og klipte meg for $40 (uten tips) og var ganske fornøgd med det.

På kvelden skulle det vere åpningsseremoni på skulen. Hadde lest litt om det på nettet og det var visst noke alle reiste på, då kunne vell ikkje vi vere noke dårligare so vi stakk bort t skulen for å sjekke det ut.





Vi kom litt seint og det var masse folk som allerede var i ekstase og i god stemning. Først var det ei dame som stod på scena, so var det heile fotball-laget oppå scena med ein kampsang som ikkje var heilt samstemt. men kva kan ein forvente av ein gjeng fotball-spelara? Håper for deira del at dei er bedre til å spele fotball enn å synge...
Etterpå gjekk alle under ein port der vi vart møtt av foreldre og besteforeldre (trur eg) som kasta noke kvitt greier over oss og alle var HAPPY HAPPY HAPPY (akkurat sånn ein ser på film). Det kvite greiene var noken vaskekluta med slagordet til Aztec football-team.. Kult d...
Sjukt med folk

Etter detta gjekk turen vidare opp på ei grasbane der det var ein fyr som stod og fortalte kva vi skulle gjere. Var visst noke "bli kjendt med den som står ved sida av deg" - greier.. Vi nordmenn er vell ikkje heilt so vennlige som amerikanarene er so vi prøvde litt, men gjekk leie og såg at alle andre gjekk (sikkert dei over 21) gjekk oppover til "greek-system" husa for å feste so då stakk vi heim igjen.



Maskot eller noke?
"Blikjendtmeddendustårvedsidaav-party"