San Diego State University har bestemt at vi må ta 12 Units, (30 studiepoeng) dette er òg visumet avhengig av, men dei ser ikkje på kva fag vi velger so lenge vi har dekka studiepoenga. Det same gjeld for Lånekassen, men vi vart usikre på om det her kun gjaldt for fag som var retta mot den studien vi tok. Vi fann heldigvis ut at dette ikkje var tilfelle. So her var det berre tut og kjør. Men so var det skulen heime, Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd Førde som skulle ha sitt og sei òg. Dei ville at vi skulle finne noko relevans, men brydde seg kun om at vi får tatt Industriell IKT alternativ og Bedriftslære. Etter ei tid med research oppdaga vi at om vi skulle få tatt dei faga som var heilt perfekte skulle vi søkt som Business courses studentar - ikkje som General courses studentar. Dette var noko vi gjorde då vi søkte på skulen i februar. Dreit oss litt ut her for å sei det sånn. Var ikkje muligheter for å bytte heller.
Alle faga hadde eit nummer bak seg, dette var for å vise kva vanskeleghetsgrad det hadde. Vi hadde først tatt i sikte på -500 fag, men etterkvart fann vi ut at dette var for mastergrad studentar --> Bummer. Då begynte vi å sjå litt meir på 300 fag. Kanskje detta kunne vere det rette for oss?
Erlend tok kontakt med ein kompis som har vore her før for å høyre kva han gjorde. Han meinte det var bedre å sjå på kva lærar det var som hadde faget og sjå på omtalane om han/ho gitt av andre studentar. Dette skulle gi oss ein liten indikasjon på kven som var dyktige og kven som ikkje var fult so dyktige. Han meinte det var viktigare med ein god lærar enn eitt godt fag for å få best utbytte av utvekslinga.
So då gjekk vi inn på http://www.ratemyprofessors.com/ og begynte research'n. Men når vi såg at ein professor hadde fått kjempe gode kommentara frå ein student og veldig dårlige frå ein anna student, skjønte vi at vi berre måtte ta dette med ei klype salt. Her kom det VELDIG an på kva type studenten var òg.
På kvart fag står det kor mange plassar som er til kvar forelesning og kor mange som er ledige. Detta var ingen lett sak då vi såg at nesten alle faga vi ville ta var fulle - iiiiiiiik!
| Seint på kveld.. Erlend holder fortsatt koken foran PC'n... |
Erlend sendte noken maila til professorane i kvart fag vi ønskte å ta og kva vi måtte gjere for å få plass på forelesninga og om vi var klassifieserte til å ta faget deira. Det gjekk heldgvis ikkje lange tida før vi begynte å få svar og det nesten alle svarte var at vi berre kunne møte opp på første timen og ta det deretter. Sidan vi var ALI studentar måtte vi kræsje kvart kurs vi ville ta. So då var det ikkje sikkert at vi fekk plass på forelesningane før etter vi hadde fått eit "ADD NUMBER" eller signatur frå professoren som ei slags godkjenning på at vi kunne ta kurset.