Vi registrerte oss med kode og håndavtrykk - å jada! Ikkje noke tull her i amerika nei! Då var det berre å begynne med treninga... Første salen var ei sal med mange vektløfter stenge og sjukt mange apparat til alt tull i alle slags posisjonar... Latterlig igrunn... Neste sal var oppvarmingssalen med alle slags oppvarmingsapparat ein kan tenke seg med 10 TV'a på veggane rundt, alle med kvar sin kanal, men det var som vanlig kun tulle program som gjekk på dei kanalane. Her var det òg ein høg buldrevegg. Salen ved sida av der igjen var det nokre matter, litt frivekter og mange apparat. Kvar av dessa salane var sånn ca på størrelse med ein gymsal, sånne gymsala vi har på heime i Eivindvik.Hehe.. Om vi skulle finne ut kva apparat som vi kunne ta måtte vi berre sjå etter om det var noken som gjorde den øvelsen vi ville ta eller noko liknande. Det var heilt umulig å finne DET apparatet uten hjelp.
Etter trening møtte vi på Mariell som hadde vore på sightseeing på skuleområdet. Før vi stakk heim igjen måtte vi jo so klart kjøpe protein-shake (Erlend sine ord) og "tilfeldigvis" var det ein liten bod rett utafor treningssenteret. JADDA JADDA. Stakk heim og etterpå ned på stranda, Mission beach, for å leike litt i bølgene og steike oss i sola - Kjem litt bilder i seinare innlegg av treningsstudioet.
Flott dag :)