Heseblesande kom vi inn døra 5 min etter timestart, men det var heldigvis ikkje noko problem (då ser vi vekk i frå alle dei andre 170 elevane som var komt på plass).
Etter timen var ferdig måtte Mariell springe til neste time, mens Erlend og eg vurderte om vi skulle stikke på ein økonomi time. Dette vart nedstemt sida den var på andre enden av campus og sida vi håper på å få plass hos ein anna lærar. So då satt vi oss heller på biblioteket for å få ei oversikt over sist undervisningstime med Riggins.
Då klokka nærma seg halv to pakka vi sammen for å få plass på neste fag vi ville teste ut -> COMPE-560 (datanettverk), her satt vi oss ned og såg rundt oss og merka at det nesten kun var inderar der.
Passa jo bra inn i denna klassen..
Til slutt kom lærerinna og vi spurte om det var plass til oss, men den gang ei.. Vi vart kasta på dør med ein gang. Flott va daaa...
Då hadde vi to nye tima til neste fag begynte. Denna gangen var det PSY -101 vi skulle teste (psykologi fag). Her var det det same greiene som på alle andre fag, vi måtte fram til professoren og sei at vi var ALI studentar og at vi ville ta faget. Her var professoren veldig grei, han valgte å prioritere ALI studentane i stedet for SDSU studentane. Men sida vi var so mange og det kun var 7 av 180 plassar ledige måtte vi skrive oss opp på ei liste der han skulle trekke kven som vart dei heldige innen søndag. Sjølv om vi satt i 2,5 tima i strekk og hørte på han er dette eitt fag vi har lyst å ta sjølv om det er litt på sida av det vi treng, men steike for ein dyktig professor.
Etter forelesninga var over kjørte vi rett bort til Best Western Hotel og jaggu fekk vi eitt rom vi alle var fornøgde med :-D Heilt utrulig mann!!

