Då var det endelig tida inne for å feire Thanksgiving for første gang i våre liv. Det einaste vi var klar over var at det kom til å bli servert kalkun. Resten av opplegget hadde vi ikkje mykje peiling på so då var det berre å prøve å fiske opp litt informasjon før kvelden. Eg stakk derfor bort til Linda og Barry og spurte dei kva som var vanlig å gjere på denne dagen. Men klokka var visst blitt mange og dei var i full sving med tilberedelsane til kvelden. Sjenert som eg er vart eg berre ståande med midt på plassen mens alle sprang mellom husa om ein anna (minner litt om tilstanden heime på julafta). Eg innsåg då at detta kanskje var feil tidspunkt å prøve å fiske ut litt info av dessa amerikanarane so eg tok like so godt bilder for å dokumentere det dei gjorde til alle dåke der heime.
Linda og Barry har ein tradisjon med å fritere heile kalkunen i vel ein time. Linda veit eksakt kva som skal gjerast, medan mannen hennas, Barry, prøver å hjelpe ho so godt han kan. Men det vart sjelden gjort på den "rette måten" - so ho endte med å gjere nesten alt sjølv.
 |
| Stor diskusjon om korleis problemet kan løysast på best mogleg måte. |
 |
Eg har ikkje peiling på kva som er oppi den kvite isopor boksen, men der har sikkert
kalkunen lagt i over natta i kjøleskapet. |
 |
| Avmerking i panna var visst svært viktig for kveldens fritering. |
Eg vart svolten av å høyre på all matpraten, so eg stakk bort til ein som tek den same java - klassen Erlend og eg gjer, Jonathan. Her var det mamma'n hans som skulle lage Thanksgiving mat - og jaggu holdt han ord. Var ikkje noke å sei på utvalget av tilbehør til denna kalkunen.