11 oktober, 2013

Hest e best på eplefest

Hoi kor tiden går. 

Dei siste dagane har Helene og eg jobba med to tyskara i eit prosjekt me har i databaser. Tyskarane jobbar med sin mastergrad i datavitenskap. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dei står for største delen av prosjektet her, men me smell no til med ein replikk her å der. Og ikkje minst rettskriving i engelsk. Hehe. 
Gruppearbeid på skulen

Ellers om dagane blir det ein del trening, eg prøver å få med meg so mykje som eg klarar. Eg har trent nokre veker på The Arena no, og syns det er stor stas. Det er utruleg morro å reise på trening, å berre bli overvelma over alt det nye du oppdagar av teknikkar og finesser. Eg prøver å være som ein svamp å få med meg alt, men skulle sjølvsagt ønskt eg kunne brukt 100% av tiden på dette, slik som mangen av dei som går der gjer.






Fasilitetane her er ikkje noke å klage på. Boksering, MMA bur, 3 lokale med matter på golv og vegger OG ein fullt utstyrt crossfit box med alt ein treng av frivekter, racks, kettlebells, plyoboxes, tau osv. Dei har til å med ein eigen dedikert strength and conditioning coach som heiter Andy, i tillegg til mange andre trenarar som er spesialistar i kvert sitt felt. So her har eg det fint.

Frå det eine til det andre.

Her er eit bilete av meg og Helene ved det bygget me har flesteparten av timane våre

Bygget i seg sjølv er vel på størrelse med HiSF avd Førde. Eg veit ikkje kor mange bygg det er her, men det er no ein del. 
Det er ca 31 000 studentar her, og ca 25 000 av dei er undergrad (ikkje fullført bachelor). 
So det er nett som ein "liten" by.

Her om dagen fekk eg snusen i gresskarbrød, eller pumpkin-bread som dei kallar det her. 
Kan vel knapt nok kallast brød, då dette er ei krydderkake, berre mykje bedre. 
Eg tykte dette var so godt at eg tok eit bilete av den.

Ein gang i mnd får me ein epost frå ALI (American language institute) der dei tilbyr forskjellige aktivitetar. Det har våre rimeleg tørre greier hittil som busstur i byen og liknande, men Mariell fant ut at eplefestival måtte være gode greier. 
Som ein skikkeleg saftbygding oppvaksen i ein eplehage var eg ikkje vanskelig å be, men Helene var litt meir tilbakehalden. Me hadde eigentleg tenkt å reise på strandi med Ryan, men me klarte å overtala ho til å bli med på eplefest likevel, strandi er der på søndag og, tross alt.


Laurdagen kom, og me heiv oss avgårde til skulen for å dra på epleslang.




Var ikkje mykje Nordmenn her,  berre to tullingar bakerst.

Sat visst ein skjeggete tulling her og. Me 3 var dei einaste på bussen frå Europa. Me var vel dei einaste som tykte eple va stas.

Merkelig landskap. Ser ut som det har gått eit ras på toppen av fjellet.

Helene trenar på hardhaus looken sin. 

Mykje hillbillies her. Og ei med burka


Ingen eplefestival uten eplecider.  Ein pint på 9% gjorde både meg og dei andre eplekjekke


Reiseledar frå ALI ville ha bilde av oss, men me kunne ikkje stilla med alkoholholdig drikk, so den gjømte me bak ryggen.

Dansing på scena. 



Skulle spørra om eg fekk sitta på hesten, men tok meg ein slurk av flaska i staden. Jihaa

Karamellisert eple

Fersk nygrilla mais med kvitløkssalt på. Nomnomnomnom

Her kunne me betale 5 dollar og plukka ein pose full i epler. Føler for min del eg har plukka nok epler.
 Når me var leie av eplefestivalen sat me oss på bussen atte og kjørte til Julian. Ein veldig liten bygd med stor business i eplepai og turisme under eplesesongen.
Eg sjekka GPSen og me var eit bra stykke frå San Diego ja.



Kom til Julian, 10 minutt frå Eplefestivalen. Moms er dei som har best eplepai. Det ser du vel på køen.



Hadde lyst på denna men so kom eg på at eg ikkje går med caps. 
 "Good for one screw"
 


Fått oss ein eplepai me nyter foran fitness senteret i bygdi.

Mariell og Helene klarte ikkje å eta fint, so då va da rett i buret.

Oppi her var det ein gravplass som var verdt eit besøk





må du so må du

Julian er borti her

Viste seg at me gjekk inn utgangen og ut inngangen. Jaja, bønder på byn. Eller.. på bygdi.. hmm..


Fortsatt like mykje kø på Moms, 2 timar seinare

Steike deg, ein KTM


Når me var lei av eplepai og hillbillymusikk drog me avgårde til Viejas. Eit reservat drifta av Kumeyaay folket. (Indianara) Her var det kasino, hotell og sjølvsagt outlet med mykje butikkar. Det var veldig fint her, og veldig lite folk, men utvalget på outlet butikkane bære preg av å være alt det som ikkje blir solgt på dei normale butikkane, sjølv om det var enn so billeg, so var det lite som falt i smak for min del. Helene derimot var heldig og fant sjølvsagt alt ho hadde ønskt seg på Levis butikken.






Avslappingspark midt i outleten
 Når me kom heim var naboane klar med grillen. Ikkje værst berre da!

f.v. Evan, ein doktor frå Armenia, Denton frå Hawaii, Linda står rett bak han, Miguel ved grillen og Walther so står å siklar på maten.

Prøver å forklare denna doktoren frå Armenia korleis google maps fungerer 
Ryan the cheerleader. Gjett om han får pes. Bak han sitter Dana, ho er sjukepleiar og jobbar 24/7.

Fru og herr Miguel ved grillen. Ryan og Walther gleda seg.

 


Me avslutta kvelden med å ta noken pils på ein bar i nærleiken. 
Der drakk Helene, Denton, Ryan og meg godt øl og prata om kapp. God knall.



Søndagen starta eg opp med ein aligatorhamburar! Smakte som alt anna ein ikkje har ete før: omtrent som kylling.